Å søkja opphavet

sam

Me er skapte i Guds bilete. Skaparen gjorde skapningen sin, mennesket, lite ringare enn Han sjølv (Sal. 8, 6). Gud har skapt oss til eit liv i Han. Han lengtar etter oss, vil frelsa oss til seg og kjem oss i møte i Jesus Kristus. Me er kalla til eit liv i tru på Kristus som Herre og frelsar, til liv i Jesu etterfylgjing og teneste. Gud kallar på kvar einskild av oss til eit liv med og i Han.

”Gud, du har skapt hjarta mitt, og det er uroleg til det finn kvile i deg”, skreiv heilage kyrkjefader Augustin. Gud gav oss det urolege hjarta som fødselsgåve, ein ibuande, åndeleg lengt i oss. Me blei skapte i Guds bilete, og biletet ropar heile tida etter kunstnaren.

Men det finst mange måtar å døyva lengten og uroa på og halda Gud som er opphavet til alle ting, på avstand. Velstandssamfunnet byd på trus-erstatningar i alle slags materielle gode. Når eitt behov er stetta og hugen metta, skaper me oss snart nye behov det blir ”naudsynt” å få dekt. Og me aktiviserer oss i hel…

Det manglar heller ikkje på erstatnings-truer: Religiøs opplevingshunger og åndeleg lengt er sterkt nærverande i kulturen vår. Me tilbed naturen, men ikkje Han som er livskjelda til alt. Me tilbed oss sjølve, men utan å oppdaga speglinga av guddomen i oss som peikar på opphavsmannen. Me trur mennesket har skapt Gud og kan definera Han ut. Men uroa kverv ikkje – livslang søking etter livsens meining fyller tomromet.

Om me ikkje veit kva me lengtar etter og til, er det éin som veit: Gud kallar stadig på oss. Vågar me å ta oss tid til å lyda etter og høyra korleis Gud kallar på oss – søkja Han som er opphavet og oppleva at det verkeleg er i Han me lever og rører oss og er til (Apg 17, 28)?

Svein Arne Gudmund

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s