Kyrkja

Ein av dei store tragediane i den moderne religiøsiteten er den kyrkjelause kristendomen. Utsegnene er mange, men fremst er tanken om at det er Jesus som frelsar deg, ikkje kyrkja. No er det ingen som vil motseie dette, og Paulus påpeikar i 1. Tim. 2:5 at; Gud er éin, og éin mellommann er det mellom Gud og menneske; mennesket Kristus Jesus. Likevel er det denne mellommannen som har etablert kyrkja som mellomledd og som ”sin eigen lekam”, og alle vi som tilhøyrer Frelsaren er ein del av denne kroppen. Det blir difor problematisk å seie at ein elskar Kristus som er hovudet for forsamlinga samstundes som ein avfeiar lekamen hans.

 

Ordet kyrkje er første gongen brukt i matteusevangeliet når Jesus seier at; ”Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne” (Matt. 16:18). Apostelgjerningane forsterkar bilete. ”Kva skal vi gjera”, spør dei frammøtte, og følgjer deretter Peters råd og blir døypte og tillagt forsamlinga. Når dei så er blitt ein del av kyrkja, byrjar dei leve som Jesus levde. Dei ser etter kvarandre, deler av goda sine, ber og deler nattverden saman, og frå dette punktet blir menneske dagleg frelst og lagt til kyrkjelyden. Kyrkja blir bygd og evangeliet blir spreia.

 

Paulus forsterkar bodskapen ytterlegare. I efesarbrevet seier han blant anna at kyrkja er éi. ”Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman” (Ef. 4:3), for der er ei kyrkje, ein Gud, ei lære og ein dåp. Dermed er vi alle byggjesteinar i den same forsamlinga, og saman utfyller vi kvarandre under Kristi leiing. Difor er det med rette at ein seier at kyrkja er plassen der Kristus vil at vi skal bli det han ønskjer, der vi skal mognast, heilaggjerast og der vi tilber Faderen, Sonen og Den heilage ande.  Så vi sjåast vel søndag klokka 11?

 

Roy-Olav

Advertisements

2 thoughts on “Kyrkja

  1. Så flott at DNKK har fått egen blogg, håper det blir mye oppbyggende og lærerik lesing. Vil gjerne vite mer om ortodoks liturgi. Skal linke til bloggen deres, og lykke til. 🙂

  2. Hei Rudie!
    Hyggelig at du likte bloggen.

    Litt av tanken er jo at det ortodokse kan komme tydligere frem ved hjelp av denne bloggen. Men først og fremst vil vi fremheve Jesus – det er jo han vi alle har felles.

    Jeg håper vi får i gang en linkliste vi også, og da er bloggen din selvsagt 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s