Arkiv for kategorien ‘Øystein Lid’

h1

Påmeldingsfristen nærmar seg!

22 mai, 2013

Sommaren står for døra, og sommar betyr leir! Biletet er frå ei av tidebønene på det trivelege nordiskkatolske pinsestemnet i Ålesund helga som var.

Til den nye nordisk-katolske sommarleiren 9-11. august har me alt ein god del påmelde, men framleis er det ein del familiar og personar me saknar. Påmeldingsfristen er førstkomande laurdag, 25. mai. Fristen er sett fordi hotell-eigarane på Hermon er avhengige av å vita kor mange me blir for å vita om dei skal seia nei til andre potensielle overnattingsgjester. Det er med andre ord ikkje sikkert at nokon som kjem på i juli at det hadde vore kjekt å vera med likevel får rom i herberget… Send di påmelding til nordiskkatolsk@gmail.com eller ring til fader Svein Arne på: 47 61 84 90

For leirkomiteen: Øystein J. Lid

h1

Årets pinsestemne i Ålesund

19 mai, 2013

Me er i Ålesund på det årlege pinsestemnet i Selja prosti, hjå vertskyrkjelyden St. Olav. Fantastisk vær har gjeve oss fleire turar på fjorden i kano og solbrente ungar. Ein av ungane er misunneleg på dei som bur her i byen, der det alltid er blomar og fint vær. Slik var det nemleg i fjor også på stemnet.

Innimellom grilling og ballspel er det tidebøner og gudstenester. Hektisk program, men desto meir minnerikt. Her er berre nokre få bilete, og dersom dei andre deltakarane på stemnet er flinke å senda meg bilete, så kjem det fleire å sjå i dette bilde-streamen etterkvart.

Elles heldt redaktøren for bloggen laurdag kveld føredrag for deltakarane om Den Heilage Ande i katolsk-ortodoks tradisjon til forskjell frå i karismatisk tradisjon. Kanskje eg kan publisera noko av det på bloggen eller andre stader, dersom det er interesse for det.

God pinse!

Subdiakon Øystein J. Lid

h1

Fleire bilete frå biskopens 70-årsdag

14 mai, 2013

13. mai hadde Dagen sitt oppslag om overrekkinga av festskriftet “Motstand og tilbedelse” til ære for vår biskop, Roald Nikolai Flemestad. Journalist Boe Johannes Hermansen er venleg å la Den nordisk-katolske bloggen få bruka biletet av hendinga, som syner bok-redaktørane fr. Ottar Mikael Myrseth (t.h.) og Ole Christian Bråten saman med jubilanten under overrekkinga:


(Foto: Boe Johannes Hermansen)

I tillegg har diakon Jan Haug tatt ei rekkje bilete av den store festen og dei mange talane i høve 70-årsdagen. Gå til DENNE ADRESSA for å sjå dei som bildeframsyning, eller HIT for å få ei oversikt. Biletet under syner ein del av festlyden som samla seg i Gjestehuset Lovisenberg i Oslo:

Professor emeritus Bernt Oftestad heldt også festtale, i tillegg til å vera representert i “Motstand og tilbedelse” med ein interessant artikkel om den kronglete vegen frå protestantisme til katolisisme:

Subdiakon Øystein J. Lid

h1

Jubileumsintervju

24 april, 2013

Førre helg blei festskriftet til ære for biskop Roald Nikolai Flemestads 70-årsdag overrakt jubilanten, og utgitt for ålmenta. Redaktøren for den nordisk-katolske bloggen måtte kansellera reisa pga. sjukdom, så noko fyldig referat blir dessverre umogleg. Dersom nokon har bilete/erfaringar å dela med oss må de gjerne gje meg ein lyd! Meir enn ei mager trøst er det at Dagen same helga hadde eit intervju med biskopen vår som går over tre sider:


Side 1 og 2

Side 3

Subdiakon Øystein J. Lid

h1

Ny brosjyre: Nordisk-katolsk sommerleir 2013!

23 april, 2013

Programmet for vår eminente sommarleir begynnar å ta form! Last ned den flunkande nye brosjyren som inneheld det meste om leiren på Hermon Høyfjellssenter 9-11. august. Prisar, påmeldingsinformasjon og annan praktisk informasjon finn du der. Last ned brosjyra ved å klikka på biletet! PÅMELDINGSFRIST ER 25. MAI.

KLIKK PÅ BILDET

Me er avhengige av å ha eit visst tal påmelde for å få ha hotellet for oss sjølve, så det er berre å kryssa av 9. – 11. august i kalendaren. Og ta gjerne med vener og fjerne slektningar og andre nysgjerrige. Sommarleiren vår skal vera for alle, både vaksne, eldre, unge og born.

Subdiakon Øystein J. Lid

h1

Bøn for borna

10 april, 2013

bøn (Foto: Øystein Lid)

O Gud, vår himmelske Fader, som elskar menneska, er miskunnsam og medfølande: vis miskunn mot mine born, dine tenarar (namn) og (namn). Audmjukt ber eg deg om å ta dei i di nådige varetekt. Ver du, O Gud, deira rettleiar og vaktar i alt dei har føre seg, lei dei på den sanne stien, og dra dei nær til deg, slik at dei kan leva deg til ære, i rettferd, kjærleik og gudsfrykt, og gjera din vilje i alle ting. Gje dei nåde til å ha sjølvkontroll, til å vera flittige, trufaste og gjevmilde. Forsvar dei mot fiendens åtak, og gje dei visdom og styrke til å motstå alle freistingar og villfaringar i denne verda. Styr dei inn på vegen som fører til frelse, ved din Son, Jesus Kristus, vår frelsar, og ved forbønene til Hans heilage mor og dine velsigna tenarar. Amen.

Ei klassisk ortodoks bøn som foreldre kan be for borna.

Subdiakon Øystein Lid

h1

Sta. Sunniva kyrkjeblad for april

1 april, 2013

Kristus er oppstaden! Den nærverande og oppstadne frelsaren gjev oss den største gåva av alle – fellesskap med vår himmelske Far og skapar. Sta. Sunniva kyrkjeblad for april handlar om ein av måtane Gud har fellesskap med oss – gjennom Jesusbøna. Ei bøn fødd i ørkenen, men med bibelske røter, bevart i avsidesliggjande kloster – og først i moderne tid gjort kjent for eit større, kristent publikum. I sin kortaste versjon kjenner me ho frå liturgiens Kyrie Eleison – “Herre forbarm deg”. Ein lengre versjon, foredla i Russland, er: “Jesus Kristus, Guds son, forbarma deg over meg, ein syndar.” Ortodokse helgnar som Den nordisk-katolske kyrkja ærar, som Serafim av Sarov, brukte bøna som åndeleg reiskap nummer ein. I vest har mellom anna biskop Kallistos Ware gjort bøna kjent. (Her kan lastast ned halvannan times langt føredrag ved biskop Ware om bøna. Transkribert her. ) For ein introduksjon til bruk av bøna er det berre å lasta ned kyrkjebladet! I omsetjing ved fader Roy-Olav.

Subdiakon Øystein Lid (redaktør i permisjon)

h1

Oldkyrkjeleg skjærtorsdags-tekst

28 mars, 2013

Preike lest i Sta. Sunniva kyrkjelyd 28. mars 2013: I dag, på skjærtorsdag, minnest me innstiftinga av den heilage nattverden. Om dette handlar dagens preike, som er skrive av St. Justin Martyren. Han blei fødd rundt år 100, omtrent samtidig som apostelen Johannes døde. St. Justin blei forfulgt og til slutt drept for sitt vitnesbyrd og klare forsvar for trua på Jesus Kristus rundt år 165.


Original-ikonet er å sjå i Vatopaidi-klosteret på Athos i nord-Hellas. Truleg frå 1300-talet.

Han seier: (Ofringa i det gamle testamentet peiker fram mot nattverdsmåltidet.) Eit eksempel er ofringa av fint mjøl blanda med olje, som var føreskrive for dei som blei reinsa frå spedalskheit. Den var ein type på eller forløpar til brødet i evkjaristien eller nattverden. For vår Herre Jesus Kristus innstifta nattverdsfeiringa til minne om den lidinga han tolte for deira sjeler som blir reinsa frå det vonde.

Gud talar også ved profeten Malakias, ein av dei tolv profetane, om ofringa i det gamle testamentet og den nye offertenesta som låg framføre.

Om berre nokon av dykk
ville stengja tempeldørene
så de ikkje til fånyttes kveikjer eld på mitt altar!
Eg har inga glede av dykk,
seier Herren over hærskarane,
eg set ikkje pris på offer
frå dykkar hand.

Frå der sol står opp til der sol går ned,
er mitt namn stort mellom folkeslaga.
Alle stader blir det tent offereld
og bore fram reine offer i mitt namn.
For namnet mitt er stort mellom folkeslaga,
seier Herren over hærskarane.

Her snakkar han om folkeslaga, hedningane, nemleg oss, som alle stader ber fram reine offer. Det betyr brødet og vinen i Evkjaristien (nattverden). Slik stadfestar han både at feiringa av nattverden gjev ære til hans namn, og at ofringa i den gamle pakt ikkje gjorde det.

Oss kristne er Guds sanne øvsteprestelige familie. Som me akkurat las i profeten Malaki, er den noverande ofringa som føregår blant hedningane reint og akseptabelt for Herren. Jesus Kristus påla oss å ofra brød og vin – og det gjer me over heile verda! Gud mottek ikkje offeret frå nokon andre enn frå sine prestar.

Det finst ein del jødar som meiner at det profeten Malaki siktar til når han snakkar om “reine offer”, er bønene frå dei jødane som er fordrivne frå Israel. Eg er einig i at bøner og takkseiing, når ofra av verdige folk, er det einaste perfekte og akseptable offeret for Gud. Og det er nettopp dette dei kristne ofrar i minnemåltidet. Brødet og vinen minnar oss på lidinga Guds son heldt ut.

Me gjer dette kvar sundag. Då samlast alle som bur i byar eller i landsbyar på ein stad, og memoarene som apostlane skreiv, altså evangelia, blir lesne, saman med profetane i Det gamle testamentet. Etter at lesaren har gjort seg ferdig, oppmuntrar han som forretter gudstenesta tilhøyrarane om å leva etter det dei har høyrt. Så reiser alle seg for å be. Me ber frå hjarta for alle menneske, men også på eigne vegner.

Når me feirar nattverden takkar me Gud for at han skapte heile verda og alt som er i den – og for menneske, for at han frelste oss frå vår tidlegare vondskap, og fullstendig sigra over ånsdmaktene.

Dei som kan, gjev så av fri vilje ein sum pengar eller mat, etter det kvar og ein synest er passande. Det blir samla saman og gitt til presten. Han gir det vidare, til støtte for foreldrelause, enker, dei som er i naud, enten på grunn av sjukdom eller av andre grunnar, og til dei som er i fengsel, og dei framande som er i blant oss. Oppsummert, han viser omsorg for alle som er i naud.

Etterpå helsar alle kvarandre med eit fredens teikn, eit kyss. Så blir brød og eit beger med vin blanda med vatn teke fram til biskopen. Han tek dei, og gjev pris og ære til universets Fader, ved Jesu Kristi namn og ved Den Heilage ande. Ei lang stund offrar han takkseiing for at me har blitt rekna verdige til å motta dette frå Guds hender.

Etter bønene og takkseiinga gjev alle som er tilstades deira stadfesting ved å seia Amen. Dei me kallar diakonar gjev til kvar og ein brød og vin blanda med vatn, som takkseiinga blei uttalt over. Diakonane pakkar noko av det ned for å ta det med til dei som ikkje kunne vera til stades.

Denne maten kallar me Nattverden. Og ingen får lov til å ta del i den, bortsett frå dei som trur at det me lærer er sant (at våre doktiner er sanne), og har blitt fødde på nytt og reinsa gjennom badet til forlating for syndene, og som LEVER SLIK KRISTUS HAR PÅBODE.

Me tek ikkje imot dette som vanleg brød og drikke. For Jesus Kristus vår frelsar, gjort kjøt ved Guds ord, brukte både kjøt og blod for å frelsa oss. På same måte har me blitt lært at maten som er velsigna ved å be etter hans ord ER kjøtet og blodet til Jesus, som blei menneske. Ved dette blodet og kjøtet får vårt kjøt og blod næring og blir forvandla.

Apostlane, i skriftene dei etterlet seg, kalla Evangelium, har dei overlevert til oss det som blei gitt til dei: At Jesus tok brødet og etter at han hadde gitt takk, sa han: Gjer dette til minne om meg. Dette er min kropp. På same måte etter å ha tatt begeret etter måltet, takka han, og sa; Dette er mitt blod. Og han gav det berre til dei.

Til Ære for Faderen og Sonen og Helliganden, som var og er og blir ein sann Gud, frå æve til æve. Amen.

* Preika er fritt omsett frå fleire tekstar skrive av St. Justin Martyren, der temaet er nattverden. Mellom anna frå hans første apologi og frå dialogen med Tryfo.

Subdiakon Øystein Lid

h1

Johannes Krysostomos’ preike om den kanaaneiske kvinna

24 februar, 2013

Sundagens tekst handlar om den kanaaneiske kvinna. Preika som subdiakon Øystein las i Sta. Sunniva kyrkjelyd i dag, blei først halden av st. Johannes Krysostomos (347 – 407), medan han var prest i Antiokia (dagens Tyrkia):

“Kvinna i dagens tekst reknar seg sjølv for å vera uverdig til å koma til Jerusalem. Ho har eit presserande ærend som ho må snakka med Jesus om. Først når Jesus nærmar seg hennar land kjem ho.

Kristus forlot sin heim og kvinna sin heim for å møta kvarandre. Enkelte ser ein allegori her, eller eit bilde på Kristus som møter si kyrkje.

Når ein høyrer om ei kanaaneisk kvinne blir ein straks minna på dei folkeslaga som budde i Kanaan då Israelsfolket vendte tilbake frå Egypt. Dei forkasta naturens lover. Dei blei forvist frå landet slik at dei ikkje skulle pervertera israelsfolket. Men no ser me at ei kanaaneisk kvinne har ei betre innstilling enn dei jødiske farisearane, ho forlater sitt eige og kjem Kristus i møte. Israelsfolket derimot dreiv Herren vekk når han kom til dei i eigen person.

Når ho har kome til han, seier ho: Herre, miskunna deg over meg! Ropet hennar får mange til å snu seg. For det var eit trist syn å sjå ei kvinne som ropar i stor smerte, og den kvinna ei mor, som ber for si dotter. Og den dottera var i ein så elendig forfatning. Mora torte ikkje ein gong å ta med ho som var besatt framføre Meisteren. Men ho let henne liggja at heime, og går sjølv i forbønn for ho. Ho prøver heller ikkje å ta Jesus med til huset sitt.

Ho ber om Herrens miskunn – ikkje for dottera, men for seg sjølv. Miskunna deg OVER MEG, seier ho. For dottera er ikkje bevisst om sin eigen tilstand, men det er mora som må li seg gjennom vondskapen fullt ut bevisst.

MEN HAN SVARA HENNE IKKJE EITT ORD.

Kva er dette for noko rart? Dei jødiske farisearane som Jesus like før hadde snakka med hadde forlatt Guds bud til fordel for menneskebud. Likevel snakkar Jesus med dei. Når dei fristar han og til og med snakkar blasfemisk, forkastar han dei ikkje. Men denne kvinna som spring til Han, ber på sine kne, som var utan utdannelse i korkje loven eller profetane, og likevel viser så stor fromskap – til henne nedlatar ikkje Jesus seg til å gje så mykje som eit svar??

Kven ville ikkje ha blitt fornærma av dette? Og kven er det som ikkje blir RØRT av morens bønn for dattera som lir vondt? Ho kjem ikkje og krev sin rett, men ho spør så fint om nåde. LIkevel er ho ikkje rekna verdig eit svar, ein gong.

Kanskje tilhøyrarane blei fornærma – men kvinna blei ikkje fornærma. Eg seier tilhøyrarane, og reknar med at disiplane til Jesus til ei viss grad må ha vore påvirka av kvinna sitt rop, og fått medlidenhet med ho. Dei vågar seg ikkje til å spørra “Gje henne denne tenesta”, men dei seier “Send henne vekk, for ho ropar etter oss”. SLik gjer jo me og av og til når me skal prøva å overbevisa nåken, prøver oss med omvendt psykologi.

Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.»

Kva gjorde kvinna etter å ha høyrt dette? Blei ho stille? Eller gav ho seg? Nei, ho blei berre endå meir insisterande. Slik er det ofte ikkje med oss. Når me ikkje får det me ber om gir me oss, når me tvert i mot burde bli meir ivrige.

Kven ville ikkje ha blitt desperat av å høyra eit slikt ord`? Jesu stillhet var nok tilstrekkelig for å driva henne til desperasjon, men dette svaret – i endå større grad. Jesus seier at det ho ber om umogleg kan la seg gjennomføra, sjølv når disiplane spør Jesus. LIKEVEL er ikkje kvinna fortvila når ho ser at hennar advokatar ikkje oppnår noko.

I staden gjer ho seg sjølv skamlaus, men skamlaus på ein god måte. Fram til no har ho ikkje ein gong våga seg framføre dei, disiplane seier at “ho ropar etter oss”, ho var altså bak dei, så ein kunne venta seg at ho no ville gå lenger unna, men i staden er det nettopp i dette øyeblikket at ho kjem nærare, kastar seg ned og tilber, med orda: Herre, hjelp meg!

Kva er dette, O kvinne? Har du meir tillit enn apostlane? Større styrke? Tillit og styrke, ville ho kanskje svara, på ingen måte, eg er full av skam. Likevel vil eg setja fram mi bøn. “Men høyrte du ikkje at han sa eg er berre sendt til Israels tapte får? Jau, men han sjølv er Herren.
Kva seier så Kristus? Han er ikkje fornøgd endå, men berre aukar spaninga. Og seier: “Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane”.

Når han endelig hadde eit ord å seia til henne, så slår han henne ned med dette ordet, skarpare enn han gjorde med stillheite han først møtte ho med. Dess meir intens kvinna er i si bøn, dess meir insisterer han på å nekta. Han kallar ikkje lenger israelsfolket “tapte sauer”, men for “borna”, og kallar kvinna ein “hund”.

Kva seier så kvinna? Ut av Jesu eigne ord formar ho sitt svar. “Det er sant, Herre», sa kvinna. Ho innrømmer at ho er ein hund, og insisterer på at ho likevel ikkje er ein framand.

Her ser me at Kristus hadde rett når han seier i Johannes evangelium kapittel 9 “Til dom er eg komen”. Denne kvinna som blir vanæra, viser sjølv-kontroll, utholdenheit og tru, mens israelittane som var vist stor ære svarer med det motsatte.

“Hundane et då dei smulane som fell frå bordet til herrane deira”, seier kvinna. Jesus visste at kvinna ville svara slik. Det var difor han nekta ho det ho bad om, slik at han kunne visa fram hennar store sjølv-kontroll.

For dersom det hadde vore hans føremål å ikkje gi, ville han ikkje ha gitt henne det etterpå. På samme måte ville han læra oss gudsfrykt når han fikk Høvedsmannen til å seia: “Herre, jeg er ikke verdig at du går inn under mitt tak”. Slik også her: Jesus ville ikkje at så stor dygd og tru som var i denne kvinna skulle forbli gøymt. Ikkje for å fornærma talte han altså slik, men han kalla henne fram, slik at skatten ho gøymte på kunne koma fram i lyset.

Eg ber deko om at de i tillegg til å sjå den store trua kvinna hadde, også må sjå audmjukskapen. For Jesus kallte jødane for barn, men kvinna gjekk så langt som til å kalla dei Herrar. Så langt frå henne var det å bli misunnelig når andre får skryt.

Ser du kvinnas visdom? Ho blei ikkje stukke av at Jesus gav store ord til dei andre, og tok seg heller ikkje nær av å bli nedvurdert. Ser du hennar standhaftigheit? Ho seier Det er sant Herre, når Jesus kallar henne hund, og til det legger ho til Hundens væremåte. Ser du kvinnas audmjukheit?

Høyr det stolte språket til farisearane: “Vi er Abrahams ætt og har aldri vore slavar for nokon.” Ikkje så denne kvinna, ho kallar seg sjølv hund og dei Herrar. På denne måten gjorde ho seg sjølv til eit barn.

Kva sa så Kristus? «Stor er trua di, kvinne.” Med desse orda kronar han kvinna, slik han hadde til formål heile tida. Han avviser kvinna først, for å få sei dette høgt.

“Det skal gå som du vil.” seier han. Og like etterpå kan me lesa “Og dottera vart frisk frå same stunda.”

Ser du at kvinna sitt bidrag til at dottera blei frisk ikkje var lite? Jesus sa jo ikkje: La dottera di vera frisk, men “stor er trua di, la det gå som du vil”. Det var ikkje tom smiger Jesus kom med, men hennar tru var virkelig stor.

Merk dykk det at apostlane nådde ikkje fram, men det gjorde kvinna. Så stor ei sak er det å vera trufast i bøna.

Ved vår Herre Jesu Kristi nåde og kjærleik til menneska, som saman med Faderen og Den Heilage Ande tilhøyrer all herlegdom, all makt, all ære – No og alltid, og i all æve – Amen.”

h1

Jesu første bod

10 februar, 2013

Matteus 4, 17: Frå den tid tok Jesus til å forkynna: «Vend om, for himmelriket er kome nær!»

Kristi første bod er det same som me finn hjå Johannes døyparen i kapittelet før – vend om. Ordet omsett med ‘vend om’ er på gresk metanoia og på hebraisk shuv. Sistnemnde tyder å snu, eller å venda tilbake. Å snu seg vekk frå noko. Det er ein prosess som ikkje er overstått før ein har vendt seg heilt bort frå det. Den greske omsetjinga av ordet, metanoia, tyder mykje det same, men er meir retta mot det mentale. Å ombestemma seg, eller å koma til ny forståing, er den konkrete tydinga. Den ortodokse studiebibelen seier at omvending er ei radikal forandring i ånd, sinn, tanke og hjarte, ei fullstendig reorientering av heile livet. Det er det naudsynte første steget på Herrens veg. Det går hand i hand med vedkjenning av syndene og dåp. (Matt 3,6) Provet på at ein har omvendt seg er at dei gamle syndene og lastene er bytt ut med gode gjerningar og dydger. (Matt 3, 8). Eit døme: Dei som før var gjerrige (last) må bli gjevmilde (dygd) som Sakkeus.

Ordet omvending kan gjerne stå som overskrift når me no snart er på veg inn i den store og heilage fasten. No får me ein ny sjanse til å venda om. Alle nordisk-katolske kyrkjelydar og misjonar markerer starten på fasten med messe førstkomande onsdag.

Subdiakon Øystein Lid

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.