
Sta. Sunniva kyrkjeblad for mai
1 mai, 2012Teksten i kyrkjebladet denne gongen er skrive av ein av dei tidlegaste kyrkjefedrane våre, biskop Kyprian av Kartago på 200-talet, ein høgt utdanna afrikanar som konverterte til kristendommen og levte radikalt for Kristus resten av livet. Han var leiar for mange biskopar i Nord-Afrika. Ein av tekstane me har bevart etter han handlar om Fadervår, som me gjengir eit utdrag frå i denne utgåva av Sta. Sunniva kyrkjeblad. LAST NED HER.
Kyprian skriv både om innhaldet i sjølve bøna, og korleis ein bør be. Ein ting som slår meg er kor ortodoks (eller katolsk) han er i det han skriv – eit tilbakevendande tankekors for dei av oss som har vore protestantar eller karismatikarar. Me innbilte oss (i alle fall gjorde eg det) at vår måte å praktisera kristentrua på var den som var mest i tråd med det opphavlege: Uforfalska nytestamentleg kristendom i ei moderne tid. Men Kyprian skriv om tidebøner, messeofferet, og han refererer til fleire av dei faste ledda i nattverdsliturgien (I menigheten eg før tilhøyrte var me overtydde om at i urkyrkja var det berre fri bøn som blei nytta). Han skriv også om faste og bønevaker, kristne tradisjonar me i Den nordisk-katolske kyrkja prøver å gjenoppliva. Han set også dei “apokryfiske” bøkene på same linje som dei andre bøkene i Bibelen. Mange av desse katolske elementa eg no har nemnt trudde eg før tidlegast sneik seg inn i kyrkja etter at keisar Konstantin gjorde kristendommen til statsreligion i romarriket. Men Kyprian av Kartago levde i god tid før dette, og leid då også martyrdøden fordi han nekta å ofra til dei romerske gudane.
Temaet i utdraget handlar om fleire ting, men ein raud tråd er kor viktig det er å gjera godt – dei som gjer godt blir bønhøyrt. Jakob skriv at “ein rettferdig manns bøn er verksam og utrettar mykje”. Me blei gjort rettferdige av Kristus i dåpen, og no skal me leva rettferdige liv slik han gjev oss styrke til gjennom sin nåde.
God lesnad – og vonar å sjå flest mogleg på pinsestemnet!
Øystein Lid

Yes, indeed. Any Christian who is truly seeking God will become Orthodox/Catholic if one reads the early fathers of the Church with an open mind and heart: Ignatius of Antioch, Justin Martyr, Irenaeus, Cyprian and others.
*********************
Ja, faktisk. Enhver kristen som virkelig søker Gud vil bli ortodokse / katolikk hvis man leser de tidlige kirkefedrene med et åpent sinn og hjerte: Ignatius av Antiokia, Justin Martyr, Irenaeus, Cyprian og andre.
Fr. Greg